Vinterlagring

Vinterlagring/vinteropplag båt, bil, bubil, campingvogn osb.

Bortnepollen 1, 6734 Rugsund

Vis kart

Vi tilbyd innandørs lager for bubil, campingvogner, båt, caravan, motorsyklar, veterankøyrety i tidlegare Bortne Settefiskanlegg. Vinterlagrinsplassen er på ca 420 m2. Maksimal høgde for bil/båt er 3,00m.

LEIGEPERIODE:

Leigeperioden er normalt frå oktober til mai

INNLEVERING:

Ta kontakt på tlf 47614342 for å avtale innlevering hausten 2020.

UTLEVERING:

Våren 2021: etter avtale

Ta kontakt på tlf 47614342 for å avtale.

PRISAR:

Under følgjer prisar for innandørs lagring av båtar og campingvogner/bubilar.

Campingvogner/Bubiler (prisar per lengdemeter, inkludert drag):

  • 3 – 5 meter, kr.3500
  • 5 – 8 meter, kr.4000
  • Motorsykkel, kr1000

Båtar (prisar per fot):

  • 14 fot kr.3000.-
  • 15 fot kr.3200.-
  • 16 fot kr.3400.-
  • 17 fot kr.3600.-
  • 18 fot kr.4000.-

REGLAR FOR LEIGE AV VINTERLAGRINGSPLASS.

  • Leigeavtalen gjeld normalt frå 1oktobber til 1 mai. Andre leigeperioder avtalast individuelt.
  • Lokala er avstengt.
  • Kunden vil kunne få tilgang etter avtale.
  • Av tryggleiksgrunnar kan det ikkje utførast vedlikehaldsarbeid/reperasjonar i lagringaperioden.
  • Batteri skal vere fråkobla i lagringsperioden.
  • Gassbehaldarar, bensinkanner og andre brannfarlege væsker utanom bilen/båten sitt eige tanksystem, må takast ut av kunden før plassering.
  • Alle vasstankar/røropplegg for vatn på bubilar/campingvogner/båtar må tømast/drenerast før innkøyring.
  • Bruk av open eld, inkludert røyking, er forbode i lokalet.
  • Kunden er ansvarleg for å teikne forsikring som dekkjer alle lagra objekt mot brann, hærverk, tjuveri og andre skadar/tap. Lagring skjer på eige ansvar.
  • Utleigar forsikrar berre eige bygg, og er ikkje ansvarleg for tap eller skade som ikkje skuldast forsett eller grov aktløyse. Utleigar sitt ansvar er under alle omstene avgrensa til lagerleige betalt inn dei siste 12 månadare før skaden oppstod, og gjeld ikkje indirekte tap.

Kontakt: Per Torheim

Telefon: 476 14 342

Epost: ptorhei@online.no